Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Mellombels butilbod

Kommunen skal hjelpe deg med å finne ein mellombels stad å bu dersom du ikkje har ein stad å sove og bu neste døgn.

Tenesteomtale

Har du eit akutt bustadbehov og ikkje kan skaffe deg bustad på eiga hand, pliktar kommunen å finne eit mellombels butilbod til deg. Kommunen skal tilby forsvarleg husvære til barnefamiliar, born og unge. Det tyder mellom anna at tilbodet i utgangspunktet ikkje gjeld for rusmiddelmisbrukarar (sjå lenkja til Kommunal bustad nedanfor).

Kriterium/vilkår

Du treng bustad i eit nødstilfelle.

Pris for tenesta

Tenesta er gratis, men dersom du har råd til det, vil du kunne betale delar av husleiga sjølv.

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Lover

Tenesta er lovpålagd. Sjå Lov om sosiale tjenester i NAV § 27 Midlertidig botilbud

Sosialtjenesteloven

Saksbehandlingstid

Nav-kontoret har plikt til å behandle saka så snart som råd. I saker som gjeld akutt, mellombels bustad, vil det ofte vere nødvendig med saksbehandling i løpet av dagen.

Høve til å klage

Dersom Nav avslår søknaden, kan du klage på vedtaket innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Før opp kva du er misnøgd med og kvifor du meiner vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til Nav. Lèt Nav vedtaket bli ståande, blir saka sendt vidare til statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Tjenesten oppdatert: 09.03.2021 14:57