Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Rådgjeving i skulen

Alle elevar i grunnskule og vidaregåande skule har rett til rådgiving om utdanning og yrkesval.

Tenesteomtale

På den skulen du går, skal det vere eit tilbod om rådgjeving. Du skal få hjelp til å ta avgjerder som gjeld di vidare utdanning og ditt yrkesval (utdannings- og yrkesrådgiving). Har du personlege problem og vanskar med å finne deg til rette på skulen, skal du også kunne få råd (sosialpedagogisk rådgjeving). Skulen kan eventuelt finne dei riktige hjelpeinstansane og formidle kontakt med dei. Du og foreldra dine skal få informasjon om at dette rådgjevingstilbodet finst. Avhengig av behovet ditt kan rådgjevinga skje i gruppe eller individuelt. Målet er at du skal få hjelp til å utvikle deg og utnytte dei ressursane du har – og utan å vere bunde av tradisjonelle kjønnsroller.

Rådgjeivinga skal medverke til å utjamne sosiale forskjellar elevane imellom, førebyggje at elevar ikkje fullfører skulen og integrere etniske minoritetar. 

Målgruppe

Elevar i grunnskule og vidaregåande skule

Kriterium/vilkår

Rådgjevinga dreier seg om utdannings- og yrkesval og personlege, sosiale og kjenslemessige problem som kan ha noko å seie for opplæringa eller korleis du har det på skulen. Dei faglege problema vil liggje under ansvarsområdet til kontaktlæraren eller PP-tenesta.

Pris for tenesta

Tenesta er gratis.

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Samarbeidspartnarar

Eleven sine føresette og hjelpeinstansar utanfor skulen

Lover

Sjå forskrift til opplæringslova kap. 22 Retten til nødvendig rådgiving

Forskrift til opplæringslova

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Som skuleeigar har kommunen/fylkeskommunen ansvar for å ha eit tilbod om rådgjeving. Dersom du ikkje får nødvendig rådgjeving, kan du vende deg til statsforvaltaren som fører tilsyn etter opplæringslova.

Tjenesten oppdatert: 05.04.2021 12:57