Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Grensejustering

Ei grensejustering er ei mindre endring av grensa mellom to eigedommar. Kommunen hjelper deg med dette.

Tenesteomtale

Ei grensejustering vil seie at det kan overførast mindre areal mellom to matrikkeleiningar (eigedommar) som har felles eksisterande grense. For overføring av større område, sjå arealoverføring. Ei grensejustering krev at ein held ei oppmålingsforretning der grensene for dei aktuelle matrikkeleiningane blir klarlagde og beskrivne.

Målgruppe

Personar som kan krevje grensejustering (rekvirentar), er mellom anna grunneigarar (sjå òg matrikkellova § 9).

Kriterium/vilkår

Arealet for dei involverte matrikkeleiningane kan aukast eller reduserast med inntil 5 %, men maksimalt 500 kvadratmeter. For anleggseigedom gjeld spesielt at volumet kan aukast eller reduserast med maksimalt 1000 kubikkmeter. Uansett kan ei matrikkeleining likevel ikkje avhende meir enn 20 % av det som var arealet før justeringa, da blir det arealoverføring. Verdien på matrikkeleininga kan ikkje reduserast med meir enn 1 G (G = grunnbeløp i folketrygda).

Grensejusteringa må ikkje vere i strid med konsesjonslova, jordlova § 12 eller rettsleg bindande planar etter plan- og bygningslova.

Pris for tenesta

Kommunestyret fastset storleiken på gebyret. Gebyret kan ikkje setjast høgare enn det som kjem fram av sjølvkostprinsippet.

Samarbeidspartnarar


Lover

Sjå 
Matrikkellova § 16 Grensejustering og § 9 Kven som kan krevje matrikkelføring av ny matrikkeleining o.a.
Matrikkelforskriften § 34 Grensejustering
Jordlova § 12 Deling 

Jordlova
Matrikkelforskriften
Matrikkellova
Forvaltningsloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Krav (rekvisisjon) om grensejustering skal skje skriftleg. Sjå nedanfor kva for vedlegg som skal følgje med.

Vedlegg

  • Skriftleg samtykke frå registrerte grunneigarar og registrerte festarar som grensejusteringa har noko å seie for
  • Arealrekneskap for involverte eigedommar og overførte areal, og eventuelt tidlegare grensejusteringar
  • Dokument frå kommunen som viser at grensejusteringa ikkje fører til deling av driftseining (jf. jordlova)
  • Pårekna verdi for involverte eigedommar

Saksbehandling

Kommunen innhentar nødvendige opplysningar og gjennomfører oppmålingsforretning med grensejustering. Det blir utferda eit matrikkelbrev som sendast til rekvirenten.

Saksbehandlingstid

Når krav om grensejustering er teke imot, skal kommunen ferdigbehandle saka (medrekna å fullføre matrikkelføringa) innan 16 veker dersom ikkje annan frist er avtalt.

Høve til å klage

Klagefristen er tre veker og går frå det tidspunktet du har motteke matrikkelbrevet eller melding om føringa i matrikkelen. Både heimelshavarar, eigarar og festarar som avgjerda har noko å seie for, kan klage på grensejusteringa. Du sender klagen til kommunen, som òg kan gje rettleiing. Dersom kommunen lèt avgjerda stå, blir saka sendt vidare til Statsforvaltaren, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Tjenesten oppdatert: 05.01.2021 16:11