Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Feiing og tilsyn med fyringsanlegg

Brann- og feiarvesenet skal sørgje for feiing og tilsyn med fyringsanlegg ved behov. Det er ditt ansvar som bygningseiar å sikre tilkomst til og på taket.

Tenesteomtale

Brann- og feiarvesenet skal sørgje for feiing og tilsyn med fyringsanlegg. Dersom du har installert eit nytt eldstad eller gjort vesentlege endringar må du melde frå til kommunen.

Målgruppe

Eigarar av bygningar med pipe

Kriterium/vilkår

Det er bygningseigaren sitt ansvar å sørgje for sikker tilkomst til og på taket. Er feiaren avhengig av laus stige for å kome til taket, skal eigaren sørgje for at det er ein stige tilgjengeleg.

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Lover

Kommunen har plikt til å sørgje for denne tenesta. Sjå òg brann- og eksplosjonsvernlova § 11 Brannvesenets oppgaver og forskrift om brannforebygging § 6 og § 17.

Forskrift om brannforebygging
Brann- og eksplosjonsvernloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Eigarar av heilårsbustader med pipe/eldstad som er registrerte i eigedomsregisteret i kommunen, vil automatisk bli kontakta. Du får til vanleg levert varsel om feiing eller tilsyn i postkassa di dagen før. Dersom tidspunktet ikkje høver, kan du avtale nytt tidspunkt med feiaren. Dersom det ikkje er klargjort for feiing (folk til stades, framlagt stige eller på annan måte gjeve klar melding om at det kan feiast), vil det ikkje bli feid. Dersom du ikkje har gjort ny avtale medan feiaren er i området, må du rekne med å vente til neste runde. Ta difor kontakt med feiaren så snart som mogleg!

Saksbehandling

Feiaren skal vurdere forhold ved fyringsanlegget som har noko å seie for branntryggleiken eller tilkomsten. Er det avvik som ikkje kan rettast på staden, skal feiaren gje deg ei skriftleg tilbakemelding med frist for å rette eller frist for å gje tilbakemelding om når retting blir gjort. Tilsynsmyndigheita kan gje dei nødvendige pålegg dersom dette ikkje skjer.

Høve til å klage

Er du ikkje nøgd med dei tenestene feiarvesenet gjer, så ta kontakt med kommunen. Klageinstans for vedtak som er gjort av brannsjefen, er klagenemnda i kommunen.

Tjenesten oppdatert: 04.05.2020 14:39