Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Avkøyrsel - privat avkøyrsel frå offentleg veg

Ei avkøyrsle er området mellom ein ofentleg veg og privat eigedom. Skal du byggje eller flytte ei avkøyrsle frå kommunal veg, må du søkje kommunen om løyve.

Tenesteomtale

Skal du byggje eller flytte ein avkøyrsel frå ein offentleg veg, må du søkje om løyve. Ein søknad om avkøyrsel blir vurdert med utgangspunkt i trafikktryggleik og transportfunksjonen til vegen. Søknad om avkøyrsel blir behandla av anten av Statens vegvesen eller kommunen. Dette gjeld avkøyrsel som ikkje er del av ei byggjesak. I så fall blir dette behandla i byggjesaka.

Målgruppe

Grunneigarar og utbyggjarar

Kriterium/vilkår

Avkøyrsel er alle tilknyttingar mellom offentleg veg og privat eigedom. Som avkøyrsel blir òg rekna tilknytting for fotgjengarar. Avkøyrselen må halde seg til arealdel eller reguleringsplan i kommunen og dei retningslinene som er gjevne av staten og kommunen. Dersom området ikkje er regulert eller det ikkje er planar for avkøyrsel i planen, skal søknaden behandlast etter føresegnene i veglova.

Pris for tenesta


Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Samarbeidspartnarar

Statens vegvesen

Lover

Dersom området ikkje er regulert eller avkøyrsel ikkje inngår i arealdel eller reguleringsplan i kommunen, sjå veglova (§§ 40-43) med forskrifter. Sjå elles plan- og bygningslova § 27-4.

Plan- og bygningsloven
Forskrift om avkjørsler fra offentlig veg
Forvaltningsloven
Forskrift om behandling av avkjørslesaker for riksveg
Veglova

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

I søknaden må du blant anna:
  • skrive adressa eller gards- og bruksnummer til eigedomen det blir søkt for.
  • markere kva offentleg veg du ønskjer avkøyrselen skal tilknytast.
  • sjekke om det finst kommune- eller reguleringsplan for området
  • leggje ved ein situasjonsplan for eigedomen som viser:
  1. bygningar
  2. plassering av avkøyrsel med tilknyting til offentleg veg
  3. snuhøve
  4. eventuell biloppstillingsplass
  • gi ei forklaring av kvifor du søkjer om ny eller endra avkøyrsel
  • skrive forventa trafikktal i avkøyrselen og om det er person- eller lastebil som skal nytte avkøyrselen
  • skrive tid dersom avkøyrselen berre skal vere for ein avgrensa periode.

Vedlegg

Situasjonskart der avkøyrselen er teikna inn.

Nabovarsel.

Saksbehandling

Kommunen skal innhente dei opplysningane som er nødvendige for å avgjere saka. Deretter blir det gjort eit vedtak. Til vanleg får du ei grunngjeving samstundes med vedtaket. Du får alltid ei grunngjeving dersom ein trur at du blir misnøgd med vedtaket. Dersom grunngjevinga ikkje følgjer med, kan du få ho ved å vende deg til kommunen før klagefristen for vedtaket går ut.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Høve til å klage

Dersom søknaden blir avslått, kan du klage på vedtaket. Fristen for å klage er tre veker frå du tok imot vedtaket. Klagen skal sendast til den instansen som har gjort vedtaket. Klagen må vere grunngjeven. Kommunen vil kunne gje deg rettleiing.

Dersom søknaden er behandla etter plan- og bygningslova, kan du klage til statsforvaltaren. Klagen sendast til den instansen som har gjort vedtaket. Dersom saka er behandla etter veglova, er det kommunen si eiga klagenemnd som er klageinstans. Før klageinstansen behandlar saka, skal den instansen som gjorde vedtaket, vurdere om det er grunn til å endre det. Dersom vedtaket blir ståande, går saka vidare til klageinstansen.

Tjenesten oppdatert: 23.06.2023 10:08