Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Skulefritidsordning (SFO)

Har du barn i 1. til 4.-klasse, kan du søkje om plass for barnet i skulefritidsordninga (SFO).

Tenesteomtale

Du kan søkje om plass for barnet ditt i skulefritidsordning (SFO). Det er eit tilbod før og etter skuletid til barn i 1. til 4. klasse og til barn med spesielle behov i 1. til 7. klasse.

Målgruppe

Elevar i grunnskulen som er busette i kommunen.

Kriterium/vilkår


Pris for tenesta

12 timar gratis SFO for fyrste- og andreklassingar
Fyrste- og andreklassingar som har deltidsplass vil få SFO gratis. For dei med heiltidsplass vil prisen baserast på dei resterande timane.
 
Redusert betaling for elevar på 1. til 4. trinn.
Dersom den ordinære prisen er meir enn 6 % av den samla årlege inntekta til familien, har du rett til ein redusert pris.
 
Barn med særskilde behov
Dersom du har eit barn med særskilde behov og som dermed får eit SFO-tilbod, skal tilbodet vere gratis for barn i 5.- 7. trinn.

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Samarbeidspartnarar


Lover

Kommunen pliktar å sørgje for denne tenesta. Sjå spesielt og § 13-7 Skolefritidsordninga.

Sjå også forskrift til opplæringslova §§ 1B-1 til 1B-4.

Forskrift om rammeplan for skolefritidsordningen
Forvaltningsloven
Forskrift til opplæringslova
Opplæringslova

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Når du søkjer om redusert betaling må du informere om:
  • din sivilstand
  • dersom du ikkje har felles barn med ektefellen din/sambuar/partner må du informere om det
  • ditt eller hushaldet sin samla brutto inntekt
  • dersom du ikkje bur saman med barnet sin andre forelder, må du informere om det. Det er inntekta til den forelderen som bur på barnet sin folkeregistrerte adresse som blir brukt til å fastsetje inntekt.

Vedlegg


Saksbehandling


Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Høve til å klage

Får du avslag på søknaden, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Treng du rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka send vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.

Tjenesten oppdatert: 28.06.2023 08:42