Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Informasjon frå skulen til ikkje-sambuande foreldre

Dersom foreldra har felles foreldreansvar for barnet, har begge foreldra rett til den same informasjonen om barnet og har same rett til å delta på foreldremøte.

Tenesteomtale

Dersom foreldra har felles foreldreansvar for barnet, har begge foreldra rett til den same informasjonen om barnet sin skulegang frå skulen si side og har same retten til å delta på foreldremøte.

Dersom foreldra ikkje har felles foreldreansvar for barnet, har også den av dei biologiske foreldra som ikkje har foreldreansvar, rett til informasjon om barnet sin skulegang, men berre dersom vedkomande spør skulen spesielt. Ein har i utgangspunktet ikkje rett til å delta på foreldremøte, men vil kunne delta dersom den som har foreldreansvaret, gjev sitt samtykke. Skulen kan likevel avtale eigne møte med den biologiske forelderen, men kan og velje å gje informasjonen skriftleg.

Brosjyrar, dokument,
kart og liknande

Lover

Se spesielt barnelova § 47 Rett til opplysningar om barnet

Barnelova

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Dersom foreldra har felles foreldreansvar og du er den av foreldra som barnet ikkje bur hos, kan du vende deg til skulen og be om å få informasjon direkte. Skolen pliktar da å halde deg jamleg orientert om skulegangen til barnet ditt. Er du biologisk forelder, men utan foreldreansvar, har du rett på informasjon berre i dei tilfella du vender deg direkte til skulen.

Høve til å klage

Du kan klage til Statsforvaltaren på avslag om å få informasjon. Før klagen blir sendt dit, skal den instansen i kommunen som har gitt avslaget, vurdere om det er grunn til å endre det. 

Tjenesten oppdatert: 16.02.2022 16:45