Førehandskonferanse
Kort fortalt
Førehandskonferanse er ei frivillig ordning der du som tiltakshavar (byggherre) og kommunen kan møtast for å avklare føresetnader for byggjetiltaket og rammene for den vidare sakshandsaminga.
Beskrivelse
Førehandskonferanse er ei frivillig ordning der du som tiltakshavar (byggherre) og kommunen kan møtast for å avklare føresetnader for byggjetiltaket og rammene for den vidare saksbehandlinga. Førehandskonferanse kan nyttast ved alle typar tiltak etter plan- og bygningslova. For tiltak som du sjølv kan søkje kommunen om løyve til, kan du møte kommunen åleine. For tiltak som krev at du engasjerer eit firma til å ta seg av heile søknadsprosessen (kalla ansvarleg søkjar), bør du ha med deg firmaet til møtet. Kommunen har ansvar for å føre referat frå førehandskonferansen. Du og kommunens representant skal underteikne referatet ved slutten av møtet. Førehandskonferansen skal vere halden før ein eventuell søknad blir sendt til kommunen.
Målgruppe
Alle som skal setje i gang tiltak etter plan- og bygningslova
Kriterier
Kommunen har plikt til å halde førehandskonferanse dersom du som tiltakshavar, eventuelt saman med firmaet som står som ansvarleg søkjar, ønskjer det. Kommunen kan òg krevje at det blir halde førehandskonferanse. Du skal på førehand gje kommunen dei opplysningane som er nødvendige for å førebu konferansen. Dette er som regel situasjonskart, teikningar av tiltaket og eventuelt skriftleg utgreiing av ønske om dispensasjon frå regelverket.
Tilknyttede brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Regelverk
SjåPlan- og bygningsloven § 21-1 Forhåndskonferanse
Byggesaksforskriften § 6-1 Forhåndskonferanse
Lover
Praktiske opplysninger
Veiledning - hvordan få utført eller motta tjenesten
Ta kontakt med kommunen for nærare avtale. Førehandskonferanse skal haldast seinast to veker etter at du har bede om det. Der eksisterande bygg er øydelagt av brann, naturskade eller ulykke, skal førehandskonferanse haldes seinast 5 dager etter hendinga.
2022 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 22.02.2022
Relatert informasjon
Relaterte artiklar
- Tiltak du kan søke om selv
- Tiltak som ikke krever søknad
- Veileder til dispensasjon
- Generell informasjon og søknadsprosess
- Bolig - Mikrohus
- Bolig - oppføring av ny bolig
- Bruksendring
- Byggetiltak som ikke krever søknad og tillatelse
- Sikring og rehabilitering av bygg
- Sjølvbyggjar
- Vassforsyning - drikkevatn
- Bolig - Mikrohus
- Bruksendring
- Bustad - oppføring av ny bustad
- Byggjetiltak som ikkje krev søknad og løyve
- Mindre byggjetiltak på utbygd eigedom
- Nabovarsel - byggjesak
- Sikring og rehabilitering av bygg
- Vannforsyning - drikkevann
- Mindre byggetiltak på bebygd eiendom
- Nabovarsel - byggesak
- Selvbygger
- Forhåndskonferanse
- Tiltak som krever søknad fra foretak
- Byggavfall - kildesortering
- Bygge- og aktivitetsforbud langs offentlig veg - dispensasjon
- Driftsbygning i landbruket
- Byggavfall - kjeldesortering
- Driftsbygning i landbruket
Sist oppdatert
