Viktig informasjon til landbruksforetak

Produksjonssvikt, dispensasjoner og viktige frister

Produksjonssvikt

Dersom det er fare for klimabetinget produksjonssvikt som kan gi rett til tilskott, skal kommunen varsles uten ugrunnet opphold. Ved klimaskade på mer enn 30% av driftsenhetens totale avling, kan det gis erstatning. I tillegg til melding til kommunen, må man søke om tilskott til produksjonssvikt inne 31oktober. Det er mer om ordninga på Landbruksdirektoratets nettside.

Utsatt frist for å spreie husdyrgjødsel på eng uten nedmolding

Med bakgrunn i mange innspel om krevjande ver for slått og dermed vanskeleg å få spreidd husdyrgjødsla som planlagt, gir Statsforvaltaren generell dispensasjon for 2026 for delar av regelverket for RMP-ordninga § 23 «Spredning av all husdyrgjødsel om våren og eller i vekstsesongen».

Det gis dispensasjon frå krava all husdyrgjødsel på eng må spreiast før 10. august for å få RMP-tilskot samt regelen om at det skal takast ei avling etter siste gjødsling.

Dette inneber at dei som har planlagt å spreie husdyrgjødsel på eng før 10. august, men ikkje har fått til det, kan spreie så snart det er tilhøve for det utan å miste alt tilskot etter § 23 «Spredning av all husdyrgjødsel om våren og eller i vekstsesongen». Ein misser tilskotet berre på det arealet som har fått husdyrgjødsel etter 10. august.

Enga bør haustast (slått eller beiting) etter siste gjødsling.

På eng er det tillate å spreie husdyrgjødsel utan nedmolding fram til 15. september.

Grunn for dispensasjon

Statsforvaltaren ser at veret har vore utfordrande for mange og at det difor har vore umogeleg å få spreidd husdyrgjødsla som planlagt. Dispensasjonen vil kunna gi ei seinare gjødsling enn det som er ønskeleg noko som kan gje auka tap. Vi meiner dette eventuelt auka tapet ikkje vil ha større negativ konsekvens enn ei eventuell tidleggjødsling eller sein gjødsling med nedmolding.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?