Ergoterapi
Kort fortalt
Ergoterapi er ei behandling som hjelper deg å få betre funksjonsnivå. Ergoterapi er ein del av kommunehelsetenesta, og tenesta er gratis.
Beskrivelse
Ergoterapeutar hjelper til med å finne løysingar når det oppstår eit gap mellom helsa di og krava i kvardagen. Ein ergoterapeut gjer det mogleg for deg å utføre dei aktivitetane som er viktige i livet ditt. Ergoterapeuten
- er meir opptatt av løysingar enn av problem
- startar alltid med å spørje om kva som er viktig i livet ditt
- undersøkjer og vurderer funksjonane dine, det du vil gjere og omgivnadene dine
- formidlar og tilpassar tekniske hjelpemiddel og velferdsteknologi
- legg til rette dei fysiske omgivnadene i heimen, i barnehagen, på skulen og på arbeidsplassen
Målgruppe
Alle som på grunn av nedsett funksjonsevne har utfordringar med aktivitetar i kvardagslivet.
Kriterier
Kommunen vil gjere ei fagleg vurdering av behovet ditt for ergoterapi.
Pris for tjenesten
Tenesta er gratis.
Tilknyttede brosjyrer, dokumenter, kart og lignende
Regelverk
Ergoterapi er ein del av kommunehelsetenesta og spesialisthelsetenesta. Sjå òg pasient- og brukarrettslova § 1-3 og kapittel 7.Lover
Klagemulighet
Dersom du meiner at du ikkje får nødvendig hjelp eller er misnøgd med utføringa av tenesta, kan du sende ein klage til kommunen eller direkte til tenesteytaren. Forklar kva du er misnøgd med og kva for endringar du ønskjer.
2020 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 04.05.2020
Sist oppdatert
