Melding om utrygg is på Rovatnet

Heim kommune har mottatt bekymringsmeldinger fra innbyggere som har hatt uheldige opplevelser på Rovatnet. Meldingen går ut på at selv om isen ser trygg ut, er det områder der isen lett sprekker opp. Dette til orientering.

Les mer om Melding om utrygg is på Rovatnet

Byggje- og aktivitetsforbod langs offentleg veg - dispensasjon

Kort fortalt

Dersom eigedommen din grensar til kommunal veg, har du ikkje lov til å byggje, plante, setje opp gjerde eller anna som avgrensar sikten langs vegen.

Beskrivelse

Det er eit allment byggje- og aktivitetsforbod på privat eigedom i eit belte langs kommunal veg (byggjegrenseavstand). Forbodet gjeld bygningar, men òg hekkar, buskar, gjerde og anna som hindrar sikta. Kommunen behandlar og godkjenner søknad om

  • dispensasjon frå dei alminnelege byggjegrensene i veglova
  • dispensasjon frå byggjegrenser som er fastsette i reguleringsplan (berre mindre vesentlege endringar)
  • løyve til graving gjennom kommunal veg eller langs vegen
  • løyve til å strekkje leidning over eller langs veg.
Kommunen kan påleggje å fjerne vegetasjon på privat eigedom langs kommunal veg.

Målgruppe

Grunneigarar langs offentleg veg, entreprenørar og byggjebransje.

Kriterier

Byggjegrenseavstanden kan vere fastsett i arealdelen i kommuneplanen eller i reguleringsplanen. Er området ikkje regulert eller planen ikkje har byggjegrenser, gjeld føresegnene om avstand i veglova. Dersom søknad om dispensasjon eller løyve òg er fremja i ein byggjesøknad, blir han behandla i byggjesaka. Reglane om avstand frå veg varierer med kva slags innreiing det er snakk om. Det avgjerande er

  • kravet til fri sikt og andre trafikktryggleiksvurderingar
  • behovet for å reservere ein romsleg kanal gjennom landskapet til ulike vegformål.

Regelverk

Kommunen er vegstyresmakt for kommunale vegar. Sjå spesielt:
Veglova §§ 29, 30, 31, 32 og 37.

Lover

Praktiske opplysninger

Saksbehandling

Kommunen skal innhenta dei opplysningane som er nødvendige for å avgjera saka. Du vil få informasjon undervegs, og også rettleiing til å skaffa rette opplysningar, viss du treng det. Deretter fattast det eit vedtak.

Saksbehandlingstid

Kommunen skal behandle saka så snart som mogleg. Dersom saka ikkje kan avgjerast innan éin månad, skal du ha skriftleg melding om grunnen til det. Du skal samstundes få opplyst når ein ventar at vedtaket blir gjort.

Klagemulighet

Dersom du er misnøgd med vedtaket, kan du klage til kommunen innan ein frist på tre veker frå du tok imot det. Forklar kva du er misnøgd med og kvifor du meiner at vedtaket bør endrast. Dersom du treng rettleiing, kan du vende deg til kommunen. Dersom kommunen lèt vedtaket stå, blir saka sendt vidare til klagenemnda i kommunen, som avgjer om klagen skal takast til følgje.


2024 KF (Kommuneforlaget AS), Oslo, KF Tjenestekatalog.
Tjenestebeskrivelsene i KF Tjenestekatalog viser lovpålagte kommunale tjenester til innbyggere og næring. Beskrivelsene blir oppdatert fortløpende ved endringer i lover og sentrale forskrifter.
Tjenestebeskrivelsen er automatisk oppdatert 19.12.2024

Sist oppdatert

Fann du det du leita etter?