Hopp til toppmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Følgjebevis

For at personar med nedsett funksjonsevne lettare kan delta på kulturarrangement eller friluftsarrangement, kan dei få med seg eit følgje. Dette blir kalla følgjeordninga og den blir administrert av kommunen. 

Tenesteomtale

Har du nedsatt funksjonsevne, kan du søkje om å få skrive ut eit følgjebevis. Følgjebeviset skal gje den personen som følgjer deg, fri eller rabattert tilgang til ein del kultur- og fritidsarrangement og til visse transportmiddel. Beviset blir skrive ut til deg.

Målgruppe

Personar med sjukdom eller nedsett funksjonsevne, for eksempel:
  • Rørsleshemming
  • Høyrslehemming
  • Synshemming
  • Demens
  • Utviklingshemming
  • Allergiar
  • Psykiske lidingar, hjartesjukdomar, lungesjukdomar.

Kriterium/vilkår

Det blir ikkje gjort noka økonomisk behovsprøving i samband med søknaden. Ordninga er ikkje avhengig av om du mottar trygd. Det er inga nedre eller øvre aldersgrense for å søkje.

Det er opp til den einskilde arrangøren om dei aksepterer følgjebevis.

Pris for tenesta

Følgjebeviset er gratis.

Samarbeidspartnarar

Offentlege og private arrangørar av arrangement og nokre hotell og transportselskap.

Lover

Dette er ikkje ei lovpålagd teneste.

Forvaltningsloven

Rettleiing - korleis få utført
eller motta tenesta

Du søkjer kommunen om å få følgjebevis. Kommunen vil gi deg eit skriftleg vedtak uansett om du får innvilga følgjebevis eller ikkje.

Høve til å klage

Dersom du får avslag på søknad om følgjebevis kan du klage på dette. Kommunen vil gi deg rettleiing om korleis du klagar.
 
Klaga skal sendast til kommunen, som vil vurdere søknaden din på nytt.

Tjenesten oppdatert: 02.01.2024 08:39